Det ligg eit stort forskingspotensial i Kulturhistorisk museums samlingar. Arkeologiske funn og innsamla antropologisk materiale dannar grunnlag for stadig nye problemstillingar, i takt med at det kjem opp nye forskingsbehov.
Gjenstandskalender
Kulturhistorisk museum har mange spennande gjenstandar i samlingane, og alle har si historie. Gjenstandskalenderen er vidareført på Gjenstandsbloggen (Forskning.no).
Om samlingane
- Kontinuerleg utvikling av metodar medverkar til at det heile tida er mogeleg å auke våre kunnskapar om gjenstandane, samlingane dei høyrer til og stadene dei kjem frå.
- Kulturhistorisk museums største samlingar er Oldsaksamlinga, Etnografisk samling og Myntkabinettet.
- Oldsaksamlinga inkluderer arkeologisk materiale frå steinalderen til reformasjonen, inkludert Vikingskipssamlinga og samlinga av mellomalderens kyrkjekunst.
- Etnografisk samling har gjenstandar frå alle verdsdelar, frå ulike historiske periodar og fram til i dag.
- Myntkabinettet forvaltar landets største numismatiske samling, med myntar frå antikken og til dei siste som til kvar tid blir prega i Noreg.
- Kulturhistorisk museums mindre samlingar er Antikksamlinga, Egypt-samlinga og Runearkivet, som alle inkluderer unike gjenstandar.
- Dei er basis for verksemda ved museet. Både forsking, forvalting og formidling i museet byggjer på museets samlingar
- Samlingane er alle gjenstandane som er i museets eige, dokumentasjon knytt til gjenstandane og anna arkivmateriale.
- Ikkje alle gjenstandane er stilt ut. Fleire av gjenstandane blir oppbevart i magasin, dei er til konservering, eller blir brukt i forsking.
- Nokre kan vera lånt ut til andre museum og forskingsinstitusjonar.
- Museet arbeider med å skildre og katalogisere alle gjenstandane slik at dei kan lastast inn i databasar og vera tilgjengelege for alle brukarar.
- Samlingene som Museum for universitets- og vitenskapshistorie arbeider med er viktige for å forstå universitetet og vitenskapens historie. Informasjon om tingene og menneskene som brukte dem er en stor kunnskapsressurs.
Kanskje du også er interessert i
Museets databasar
Gjenstandane i Kulturhistorisk museums samlingar er digitalt tilgjengelege gjennom universitetsmuseas portalar.
Amundsens Gjøahavn-samling 1903–1905
Utforsk portalen med tradisjonelle gjenstandar frå Inuit-samlinga til Roald Amundsen.
Santalsamlinga
Utforsk portalen med gjenstandar frå santalfolket i India.